Opne kyrkjer i høve HM Kong Harald V bortgang


Opne kyrkjer i høve HM Kong Harald V bortgang


I høve Hans Majestet Kong Harald V sin bortgang vil mange av kyrkjene våre halda opent i dag, 28. august. Det kan vere godt å sitje litt i kyrkja og ta del i sorga. Alle er hjarteleg velkomne.

I kyrkjene kan du tenna lys og i nokre kyrkjer kan du òg skriva i kondolanseprotokoll. 

I Ullensvang kyrkje vil protokollen vere i Borgstova dersom det er konsert i kyrkja (grunna Hardanger Musikkfest). Her vil kyrkja eller Borgstova vere open også både laurdag og søndag 10.00-18.00.

I Odda, Røldal og Ullensvang kyrkje er det avklart at vi held opent frå 12.00-18.00.

Kl. 17.00 vert det orgelresitasjon i Odda kyrkje.

Me gjer det me kan for at dei andre kyrkjene også skal halda opent i løpet av dagen. Kan hende vert det også orgelresitasjon andre stader. Me ber publikum følgje facebooksidene våre for nye oppdateringar. 

Tilbake