Er du interessert i pilgrimstradisjonen? I sommar kan du reise til Røldal og besøke den koselege gamle prestagarden. 3.-5. juli er det pilgrimsstemne, og på kvardagane i fire veker fram kan du vere med på tidebøner i den gamle kyrkja.
Røldal Kultur- og Pilgrimsgard ønskjer å vere ein god møteplass for både bygdafolk og turistar. Frå mandag til fredag, gjennom fire veker i sommar, vil dørene vere opne frå 13.00-16.00.
Her kan du få ein kopp kaffi, ei vaffel eller svele, sitje ned og prate litt med kjente og ukjente, og du kan sjå dei flotte bileta som er utstilt i stova her. Bileta viser gjenstandar frå Røldal kyrkje, som no står på Bergen museum. Pilgrimsgarden er nostalgisk innreia av ivrige soknerådsmedlemmer, og ein har i fleire somrar no hatt opent for besøkande om sommaren.
Desse skal vere vertskap i år:
29. juni - 3. juli: Margot-Helene Backer-Owe - lokal diakon
6.-10. juli: Grethe Karin Solbakk - prestestudent
13.-17. juli: Gunvor Høyem Vik m/ fleire - KFH Kvinner
20.-25. juli: Bengt Arvidsson - lokal prest
Vertskapet kjem også til å leie enkle tidebøner i Røldal kyrkje, kl 12.00 og 17.30 mandag til fredag. Her er alle er velkomne!
Den 3. til 5. juli er du velkomen på Pilgrimsstemne i Røldal. Det har blitt arrangert i mange år, og også i år er det eit variert og godt program. Les meir her: Pilgrimsstemne 2026