Bli med på Fellestur til Holdhus kyrkje!


Bli med på Fellestur til Holdhus kyrkje!


Den 11. august kan du reise på "road-trip" med kyrkja i Odda og Ullensvang, til Holdhus kyrkje i Fusa. Påmelding innan 1. juli. Bli med då vel!

Dette er heimbygda til Norunn Rød Marhus (vår kjære prestevikar). Ho vil ta imot oss, saman med historikar Torhild Hjartåker Hauge, som vil gje oss guiding i kyrkja. Holdhus kyrkje er spesielt kjend for ei spesiell Maria-statue; Holdhusmadonnaen, som er den einaste steinhogde og malte Madonnaen frå middelalderen i Noreg. Kyrkja har elles mange likskapar med Røldal stavkyrkje, så dette er absolutt ein tur for dei historie-interesserte. 

Du kan lese deg opp på Madonnaen her: forskning.no

Program for dagen:

  • Oppmøte ved Odda soknehus kl 9.30, for felles bussreise.
  • Guida omvising i Holdhus kyrkje kl 12.00 v/ historikar Torhild Hjartåker Hauge.
  • Betasuppe på Eikelandsosen bedehus, med påfølgjande sangstund og kaffimat. 
  • Me er tilbake i Odda til kl 18.00.

Pris: 400 kr (betalast på Vipps, eller du får faktura på bussen)

Påmelding innan 1. juli til Margot-Helene (92458915) eller Norunn (91637713). Du vil få ei bekreftande melding til svar når du er påmeldt. 

 

Tilbake