Tweens i Røldal, Skare, Tyssedal og Odda


Therese Meusburger jobbar som Barne- og Ungdomsarbeidar i fire av sokna våre. Eit av tiltaka for born, som har vore stor suksess dei siste åra, er "Tweens". Takka vere mange frivillige, spesielt i pensjonistalder, har tilbodet stått seg gjennom mange år. 

"Tweens" skjer alltid rett etter skuletid. I Odda får 4.-7. trinn dette tilbodet, i ein periode på fire veker kvar, ein gong i året. I Skare, Røldal og Tyssedal, er det også ein periode på fire veker med Tweens - men her er dei ulike trinna slått saman. I Odda er dei på Soknehuset, i Tyssedal er dei i kyrkjekjellaren, i Røldal er dei på bedehuset, og i Skare er dei på skulen.

I tillegg vert alle som går på Tweens invitert til høgtidsverkstad, i samband med Jul og Påske. 

Kva skjer på Tweens?

Borna får servert ein enkel middag når dei kjem, t.d. suppe eller pølse i brød. Etterpå er det eit lite ord for dagen, og kanskje ein sang, før borna får utfalde seg med det dei måtte ønske. Nokon sit og gjer lekser, andre leiker, speler spel, eller lagar noko i hobbykroken. Det heile varar ca to timar, men dei kan gå heim når dei ynskjer det. 

Tilbake