Babysong på Lofthus


Babysong på Lofthus


Musikkfest for dei aller minste

Borgstova, Lofthus (ved Ullensvang kyrkje)
Torsdag 27. august kl. 10:30

Medverkande

  • Silje Hveem Lofthus 
  • Messiaen Quartet Copenhagen

Me inviterer foreldre og dei aller minste inn i eit nært og sansande musikalsk rom. Gjennom enkle songar og klangar deler Silje Hveem Lofthus og musikarar frå Messiaen Quartet Copenhagen musikk som gjer borna nyfikne, og som fyller stunda med nærleik og glede.

Ei varm og uformell stund der ein kan pusta, lytta og synga saman, og oppleva musikken heilt tett på. For foreldre med barn frå 0–2 år. 

Arrangementet finn stad i den nyoppussa Borgstova på Lofthus, bygget ved siden av Ullensvang kyrkje. Her er det laga eit nytt samlingslokale som Hardanger Musikkfest gler seg til å vera med å innvia! 

I samarbeid med Ullensvang kyrkjelege fellesråd.

Tilbake