Leir for 10. klassingar i Ullensvang


18.-19. Juni inviterer kyrkja i Ullensvang til leir for 10. klassingar på Jonatunet i Jondal!

 

Litt informasjon om leiren

Jonatunet ligg nær Jondal sentrum; eit stort gult hus med alle fasiliteter og eit flott uteområde. Vi har tilgang til Vikefjøro rett nedanfor, der vi kan bade og ha det kjekt. Det er Hardangerakademiet for fred, utvikling og miljø som eig huset, og har lete oss få leige til ein god pris.  😊

Ansvarlege for leiren: Ullensvang Kyrkjelege Fellesråd v/ Diakonimedarbeidar Margot-Helene Backer-Owe og Barne- og Ungdomsarbeidar Therese Meusburger.

Leiren er gratis sidan vi har fått støtte av Kyrkjerådet til å arrangere leir 😊 Vi har med oss vaksne, kristne, frivillige leiarar, med godkjent politiattest.

Dette er ein leir i kristen regi, tenkt som eit kontaktpunkt med kyrkja etter konfirmant-tida. Men alle vert sjølvsagt møtt med respekt for sine religionar og livssyn. Me ønskjer velkomen ALLE 10. KLASSINGAR – ikkje berre dei som har vore konfirmantar i kyrkja.

Det er kun fjorårets konfirmantar som får invitasjon i posten, sidan vi har kontaktinformasjon for dei.

Påmeldings-skjema kjem ein til HER.

Skyss til og frå må ein ordna med sjølv. Ta kontakt om dette blir vanskeleg, eller om du har andre spørsmål.

Me gler oss veldig til leir!😊 Klem frå Therese 958 70 684 & Margot-Helene 924 58 915

Tilbake