Sommarjobb for ungdom


Opning og stenging av Utne, Ullensvang og Kinsarvik kyrkjer, veke 25-32.
 

 

Kyrkja er open kvar dag frå kl. 10.00 til kl. 18.00.
I denne periode opnar og låser du kyrkja når ikkje kyrkjetenaren er på arbeid. Det kan verta behov for hjelp til å setje på og slå av spredarar for vatning på kyrkjegarden.
Det vert betalt kr. 150 for kvart oppmøte ved opning og låsing av kyrkja.
Godtgjersle for vatning er kr. 75 for arbeid med spreiarane som vert gjort samstundes med opning og låsing.

Slått av gras på Herand, Jondal, Ullensvang og Kinsarvik kyrkjegardar.

Det vert lyst ut sommarjobb med slått av gras på kyrkjegardane ved behov.
Det vert betalt timeløn etter satsar for unge arbeidstakarar. Du må vere fylt 16 år for å kunne køyre grasklipparen.

Herand og Jondal kyrkjegardar: Veke (28) 29-31.
Ullensvang og Kinsarvik kyrkjegard veke 29-32.

Det kan verta endringar i arbeidsperiodane.
Søknad sendst til post@ullensvang.kyrkjer.no eller Ullensvang kyrkjelege fellesråd, postboks 333, 5751 Odda.

Tilbake