Ullensvang kyrkjelege fellesråd > Kalenderdetaljer


JA - FRØKEN NILSEN - EN FORESTILLING OM MEDMENNESKET


Velkomne til

Teater i Røldal Kyrkje onsdag 16. oktober kl. 18.00-19.00

JA, FRØKEN NILSEN - ei førestilling om medmennesket.

Ei medverkande teaterforestilling av og med skodespelar Randi Mossing



Denne teaterframsyninga ønsker publikums medverknad.

Da JA, FRØKEN NILSEN vart vist nord for Oslo i haust, måtte det setjast opp ekstraførestillingar fordi publikummet opplevde teaterstykket som engasjerande og relevant; - kva skal vi gjere med dei som fell utanfor?



Publikum seier:

"Ein skremmande og vakker kunstoppleving"

"Sjølv om handlinga i stykket er lagt til 1925, er det høgst aktuelle tema i dag"



Kva handlar teaterstykket om?

Året er 1925. Frøken Otilie Nilsen er lærarinne og kyrkjesongar. Alt frøken Nilsen gjer er basert på ro, orden og disiplin.

Kva skjer når ho må forhalda seg til ein ung mann som har ei valdeleg historie? Korleis møter ho hans skjebne med høvelege forteljingar og tilgiving?

Ja, frøken Nilsen er medverkande teater der det å stå på utsida er eit sentralt tema. I denne førestillinga møter publikum ei anna vinkling på kunstig intelligens og løgn.



Kva gjer Frøken Nilsen når ein framand bankar på døra?



Medverkande teater

Randi Mossing er skodespelar og songar, og spelar rolla som Frøken Otilie Nilsen. Teaterstykket vises i kyrkjer i samarbeid med sokneråd, den kulturelle skulesekken og skoler på Aust- og Vestlandet hausten 2024 og vinteren 2025. I denne framsyninga vert publikum invitert med og inn i framdrifta i handlinga i stykket. Instruks vil bli gitt, det er ikkje naudsynt med forkunnskap eller forarbeid for publikum. Velkommen til ei annleis teateroppleving i kyrkja.



Kunstnarisk team bak førestillinga

Regi: Ida-Kristin Tovstaul

Scenografi: Mari Haugerud

Plakatdesign: Aneiris

Foto: Pål-Marius S. Hansen

Kostyme: Teater Ibsen

Manus og skodespel: Randi Mossing

Støtta av FFUK, fond for utøvande kunstnarar



JA, FRØKEN NILSEN - ei førestilling om medmennesket

Røldal kyrkje

Meir om førestillinga og skodespelaren kan lesast på: www.randimossing.no



Randi Mossing hadde delar av si barndom og ungdomstid på Vestlandet, og gler seg til å kome tilbake til Vestlandet i haust.





VELKOMMEN TIL MEDVERKANDE TEATER I KYRKJA!


Tid: 16.10.2024 kl.18:00
Sted: Røldal kyrkje

 

Tilbake